Sør-Troms Museum, Midt-Troms Museum og Narviksenteret har saman gitt ut praktboka Narvik 1940. Nazi-Tysklands første tilbakeslag under 2.verdenskrig. Forfattar er som så ofte når det gjeld krigslitteraturen i Noreg, ein lekmann, tidlegare overlege i nevrologi Oddmund Joakimsen frå Tromsø. Han hadde sjølv ein far som var med under kampane, og meiner det er behov for ei ny bok om kampane ved Narvik-fronten, fordi det ikkje er skrive ei einaste bok for ei breitt publikum der alle hendingane på alle frontavsnitta blir omhandla.
Bokprosjektet er eit biprodukt av den massive minnemarkeringa Krigshistorisk landskap, der Hærens Styrker tok initiativ til avduking av seks nye minnestader for kampane ved Narvik i juni 2009, ved Bardufoss, Bjørnfjell, Veggfjell, Lapphaugen, Gratangsfjellet og Skjomnes. Generalinspektør Opedal i Hæren understrekar viktigheita av ei ny Narvik-bok blant anna fordi vi i dag har militære styrker som kjempar mot nye trugsmål, og at desse kan legge vinn på å bruke erfaringane frå 1940 for å forstå krigens natur. Boka er med andre ord viktig for å førebu norske soldatar som skal delta i internasjonale operasjonar.
Joakimsen tar oss med til forspelet og opptakten til kampane ved Narvik. Vi får innsyn i overfallet 9. april, og inntakinga av Narvik, Bjerkvik og Elvegårdsmoen. Vi får ein grei gjennomgang av slagstader langs heile den nordlege og ettekvart også den sørlege delen av Narvik-fronten frå veke til veke, fram mot det avsluttande kapitlet langs grensefjella mot Sverige. Då var den tyske okkupasjonsmakta trengt lengre og lengre opp mot grensa. Vi kjempar oss formeleg gjennom meterdjup snø, frå Lapphaugen, Gratangsfjellet og innover fjella i Gratangen og Lavangen, til nettet etterkvart snører seg kring den tyske okkupasjonsstyrken inne i Narvik-fjella. Tyske styrkar blir drivne frå skanse til skanse, og angriparen var primært norsk. Så langt byggjer Joakimsen på sentral litteratur om kampane, så som dei ulike bataljonsframstillingane og ein del annan relevant litteratur.
Alle som skal arbeide med eit historisk tema, vil nemleg måtte sette seg inn i forsking innafor temaet. Dessverre gjør ikkje Joakimsen det. Han neglisjerer medvite eller umedvite sentral litteratur om krigen ved Narvik, ikkje berre militærhistorisk, men også breiare framstillingar. Den franske historikaren Kersaudy er fråverande, det same er den omfattande framstillinga til Ytreberg i Narviks historie utgitt i 1953-54, eller Magnus Petterson si regionhistorie for Ofoten. Likeins masteroppgåva til Vidar Eng om korleis det sivile og militære samfunnet fungerte i samspel i dei viktige krigsdagane. Her har han mellom anna sett på korleis folk i Troms reagerte på mobiliseringsordrane og farene som følgte krigen. Dette kunne gitt betre innsyn i korleis mentalitet og haldning til okkupasjon og krigshandlingar var i nærområda soldatane kom frå, noko forfattaren Andreas Markusson frå Bjerkvik elles skildra godt i sin roman Den siste skanse, utgitt i 1945. Også ein annan historikar, Per Olav Vaagland og verket En infanteribataljon i strid. Bn II/IR 15 i slaget om Narvik er utelatt. Det er også Alta-bataljonen(Dahl, A.D. Med Alta bataljon mot tyskerne, 1946, Haga, A.: Alta Bataljon 1940. 1998 og Ramberg, Andersen og Pettersen: Alta bataljons historie 1898-1995). Ut over det savnar ein Witold Bieganski og Polens bidrag til kampene ved Narvik (1975), Nordfronten. Hitlers skjebneområde (2007) av Asbjørn Jaklin, så vel som Theodor Brochs bok frå 1946 Fjellene venter. Er dette en ”bevisst fortielse” frå Joakimsen? Og korfor går han ikkje inn i diskusjonane om innhaldet i standardverket Norge i Krig når han polemiserer mot det? Heller ikkje krigshistorikarar som Nøkleby eller Skodvin ser ut til å stå høgt i kurs. Deira drøftingar av sentrale tema er også utelatt. Vanleg historisk metode handlar om å forkaste det ein er uenig med når ein har argumentert korfor. Joakimsen fortel ikkje korfor han forkastar det.
Det er svært alvorleg, særleg sett i lys av at Joakimsen sjølv har gått hardt ut på banen med å hevde at historia om kampane i Narvik har vore ”fortiet”. Nå ein utelet sentral litteratur bidrar ein til å skape vrangforestillingar, og ut frå marknadsføringa av boka, kan det sjå ut som om det er poenget. Han går hardt ut, og i Aftenposten den 8.april kastar til dømes Arvid Petterson seg på vogna: ”Han gir Joakimsen helt rett i at krigshandlingene rundt Narvik var enormt viktige og riktige, men at de ble glemt av det offisielle Norge i ettertid”. Her skjular det seg ein slags norsk offisiell konspirasjon, i følgje Joakimsen: ” – Etter krigen passet det norske myndigheter godt å glemme krigshandlingene i nord og heller opphøye lokal motstandskamp rundt Oslo”.
Korleis kan ein for eksempel finne ut kva ”det offisielle Norge” meiner om kampane? Ved sida av å studere ein rikhaldig litteratur, kan ein sjå på den norske minnepolitikken etter krigen. Oddvar Svendsen skriv for eksempel i Narviks historie frå 2002 at Narvik vart fødd på ny og fekk ein ny «verdighet og storhet» gjennom krigen. Dei allierte kom tilbake til Narvik for å feire «den tapte sigeren» i 1946. Då feire byen Narvikdagen, som i utgangspunktet skulle minne om stortingsvedtaket då byen vart grunnlagt i mai 1901, men no vart han feira saman med minnet om den allierte gjenerobringa av byen den 28.mai 1940. Dagen vart feira med avduking av eit fransk minnesmerke, ein militærparade ved britiske, franske og polske soldatar og utdeling av det franske krigskorset til ordførar Theodor Broch. Seinare kom eit minnesmerke over general Fleischer ved det franske monumentet, og på Lapphaugen i Lavangen.
Frå mai 1945 og 10 år framover var det stadige manifestasjonar, celebre besøk og monumentavsløringar i samband med krigen, skriv Ytreberg i Narvikhistoria frå 1954. Både kongen og kronprinsen var stadig med på minneseremoniar i Narvikområdet. Byhistorieverket dekte minnemarkeringane i 1945/1946 med eit eiget kapittel. Så viktig var dei i seg sjølv at kapitlet kom framfor omtalen av gjenreisinga, der Ytreberg skildra det nye Narvik sentrum som reiste seg av asken som fugl føniks. Minnefestane sette Narvik så til dei grader i fokus at dei i seg sjølv var historiske hendingar. Årsaka var i følgje Ytreberg: «Det var glede, det var frihetsfølelse, det var tro og håp om en ny fremtid». Ved alle minneseremoniane var det representantar frå ”det offisielle Norge” med. Kongar, kronprinsar, statsrådar og prominente gjestar deltok. Under avdukinga av ”Krigshistorisk landskap” i juni 2009 deltok ein flybåren Kong Harald under minneseremonien både på Lapphaugen og i Narvik, og VG omtalte markeringa over to sider. Narvik fekk dessutan nasjonalmonumentet Trinigon i 1995. Det var finansiert av det norske forsvarsdepartementet og avdukinga gjekk føre seg i regi av heimefrontmannen (Milorgs øvste leiar frå 1943) og tidlegare forsvarsminister Jens Christian Hauge (ein av Max Manus’ nære samarbeidspartnarar). Han hadde heller ingen grunn til å glømme Narvik. Det kan heller ikkje Joakimsen og Petterson utelate. Etter at monumentet blåste ned og vart ødelagt 7. november 2003, løyva ”det offisielle Norge” (Forsvarsbygg) 5,2 millionar kroner på reparasjon og gjenreising av monumentet. Det skal hjelpe til med å huske krigen ved Narvik i 1940. For ”glømme-argumentet” til Joakimsen og Petterson er vel først og fremst et salgstriks? |